Solali i Fresvik. Framtida.
Det er tida for visjonar, no i desse ”nedgangstidene”.
Kåre Lerum har lagt fram mange interessante tankar. Han skreiv mellom anna om stamvegen som skal gå over/gjennom Vikafjellet, Vangsnes Hella osv. Kan verta ein viktig impuls for Sogn.
Johs. B. Thue skreiv og for ikkje lenge sidan at ferjesambandet Hella-Dragsvik-Vangsnes vart lokalisert der det ligg i dag basert på heilt andre vegløysingar enn dei vi har idag.
På strekninga Vik – Hermansverk er det mogeleg å finna ei betre løysing enn den til dels smale og svingete vegen frå Leikanger til Hella. Ein kan, som det er skreve om tidlegare i avisa, oppretta ein ferjesamband mellom Borlaug i Feios og Hermansverk. Og gjerne eit samband mellom Ligtvor i Vik, og Kvamsøy i Balestrand.
Egoist som eg er vil eg gjerne ha eit samband til nordsida nærare Fresvik, så Borlaug Hrmansverk passar glimrande. Det ville gje impulsar til utbetring av vegsamband til og i Fresvik. Rett nok har vi omsider fått lys i tunellen i Rabnaberget, 32 år etter at han vart opna. Og ein og annan mur har vorte utbetra. Men her er fleire murar som står på fallande føter i bygda, og mange veggrøfter med livskraftig vegetasjon.
Små, nesten kosmetiske, ting for Vegvesenet, men spesielt tilreisande legg merke til slikt.
Og tilreisande treng Fresvik. Både slike som kjem på besøk og legg etter seg pengar, og andre som kjem for å bli.
Eit par av dei som er komne for å bli, har fortalt meg at dei har funne lite informasjon om Fresvik på nettet, og ein del ting kunne vore betre tilrettelagde for innflyttarar.
Ei informasjonsside for Fresvik kunne vel vera noko for Bygdelaget ?
Det meste dei snakka om kan eg gjera lite med. Men ein ting dei nemnde er tilgang på tomter. Underteikna og bedre halvdel har ein del hyttetomter md utsikt til salgs. Vi ser for oss at 3-4 av desse kan avhendast til nokon som vil bli/er fastbuande for rimelege prisar. Medan hyttefolket får kjøpa kremtomtene til marknadspris som før.
Dei resterande tomtene kunne faktisk vorte grunnlag for ein ”Intelligensia Landsby” i nokolag IT samanheng ?
Slike ting vert kanskje og meir attraktive ettersom vi no visstnok skal få til småbåthamna på Øyri.
Vonaleg er dette fyrste steget i ei interessant utvikling. For i Fresvik er det meste mogeleg.
Ved Fresvikåsen ligg Svea Gard som kan bli eit gildt gjestgiveri att dersom nokon kjem seg til å leggja ei golfbane oppå åsen.
Dersom Fresvikåsen vert leikeplass for mange nok, kan ein vel tenkja seg at det med tida kjem ei ”Ulriksbane” frå Skau opp til Holten.
Då kan dei interesserte køyra rockefestival både oppe og nede.
Med lett tilgang til Fresvikåsen er det og duka for hanggliding og liknande.
Sjå Nærøyfjorden frå lufta, land på Frønningåsen og start tilbaketuren frå Bleia.
Eller fly til Stegen eller Nedberge?
Fresvik har og fjellvegger for dei modigaste fjellklatrarane. Nonhaugen har vel ein fjellvegg som er jomfrueleg ?
Vidare kunne ein kanskje få til skitrekk frå Skard til Leigaskard og/eller til Jordalsskard. Og tilretteleggja løyper for nybyrjar og veteran.
Ein annan resurs er fortida til Fresvik som kultstad. I gamle dagar låg det eit Hov her til guden Frøy.
Vikingar et det nok av i Gudvangen. Kanskje ein kunne få nokre av dei i eit høveleg vikingskip til å borda cruiseskip som skal til Gudvangen når desse passerar Fresvik. Så kan vikingane stella til underhaldning for passasjerane på turen inn til Gudvangen?
Vel, dette er litt tankespinn her eg sit i nedkant av Solali Hyttefelt og kviler augo på Fatlaberget.
Opp hit kjem ikkje sjøen sjølv om det smeltar 3-4 Grønlandsisar. Cruisebåtane seglar forbi, men til så lenge ror det ikkje ut nokon knarr frå Fresvik Småbåthamn med ville vikingar som kan stella til løyer for passasjerane innover Nærøyfjorden, men kven veit?
Om nokon i tida framover vil dela utsikten, på permanent eller temporær basis, så er dei velkomne hit.
NB: Eg veit eg skulle ha funne fram adekvate nynorske synonym for mange av framandorda, og får vel på pukkelen av Jens Brekke for syndene mine.
No er ideane framlagde, og det er på tide å setja seg godt tilrette og venta på Innovasjon Norge og ivrige investorar.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar